Inntaksreglar

1 Inntaksreglement

Inntak av elevar til Ulnes Montessoriskule skal skje i samsvar med privatskolelova
§ 3-1 og det inntaksreglementet som styret har fastsett.

2 Elevinntak

Skulen skal stå open for alle som fyller vilkåra for inntak i tilsvarande offentleg grunnskole og ha heile landet som inntaksområde. Søkjarar med rett til opplæring etter opplæringslova skal i alle tilfelle prioriterast framfor andre søkjarar. Ved kapasitetsproblem vil inntak skje etter fylgjande prioritering:

  1. Barn frå Ulnes skulekrins
  2. Barn som har syskjen på skulen
  3. Barn av tilsette
  4. Barn av andelshavarar
  5. Barn frå andre delar av kommunen
  6. Barn fra andre kommunar

3 Kunngjering av inntak av elevar

Kvart år i januar måned skal det annonserast i aviser for å sikre at informasjon om inntak for neste skuleår vert offentleg kjend. Søknadsfristen skal kvart år vera 1. februar. Søknader som er sendt seinare enn fristen har ingen rettigheiter, men vil bli handsama fortløpande dersom det er ledige plassar.

4 Inntak av elevar

Dagleg leiar, i samarbeid med skulestyret, skal avgjere kva for elevar som vert take inn ved skulen, jfr. prioriteringsliste. Informasjon om inntak, som skal vera skriftleg, skal finne stad innan 6 veker etter at søknadsfristen har gått ut. Ved avslag kan klage sendast til skulen sitt styre. Endrar ikkje skulen sitt styre vedtaket, sender skulen sitt styre klagen til Fylkesmannen som er høgare klageinstans, jfr. privatskolelova § 3-1 femte ledd. Skulen sitt styre pliktar å gjere klager merksam på klagefristar i høve til forvaltningslova. Ved inntak av elevar frå andre kommunar, skal Ulnes Montessoriskule sende melding til denne kommunen sin skuleadministrasjon snarast etter inntak.

5 Prioritert venteliste

Det skal utarbeidast ei prioritert venteliste som skal leggast til grunn dersom ein eller fleire av elevane som er takne inn likevel ikkje ynskjer å nytte plassen. Ventelista gjeld også dersom det i løpet av skuleåret vert ledig plass.

6 Endring av inntaksreglementet

Inntaksreglementet kan til en kvar tid endrast av skulestyret innanfor ramma av gjeldande regler i privatskolelova § 3-1.