Ordensreglar
Ved inntak skal daglig leiar gjere dette reglementet kjend for elevar og foreldre. Reglementet skal til kvar tid vera i samsvar med Privatskulelova § 3-9, jfr. § 3-10.
Ordensreglar for lærarar og elevar ved Ulnes montessoriskule:
- Vi oppfører oss pent og gjer mot andre det vi vil dei skal gjera mot oss, på skulen og på skulevegen. Vi viser omsorg for kvarandre og inkluderer kvarandre i leiken.
- Vi opptrer høfleg, hensynsfullt og bruker ikkje stygge ord.
- Vi viser kvarandre full respekt og respekterer kvarandre i arbeid, slik at kvar einskild for brukt evnene og anlegga sine.
- Vi bruker ikkje høge stemmer. Vi ynskjer arbeidsro i klasserommet, difor rekker eleven opp handa om han eller hun vil seie noko.
- Vi kjem tidsnok inn til timen og vi går ikkje frå klasserommet eller skulen sitt område utan samtykke frå lærar.
- Vi held orden i klasserommet, i garderoba og ute. Vi tek vare på materialle og inventar.
- Vi viser respekt for andre sin eigedom, og let skulesaker, klede, sykkel, ski, spark osv. vera i fred.
- Vi har ikkje med godteri og brus på skulen bortsett frå ved spesielle høve og etter avtale.
- Bruk av internett i skuletida skal skje etter avtale og med tilsyn av ansvarleg vaksen.
- Vi brukar ikkje mobiltelefon eller elektroniske spel på skulen.
- Vi kastar ikkje snøball eller andre ting på kvarandre. Vi driv ikkje med nokon form for farleg leik.
- Vi syklar ikkje i skuletida eller på SFO om dette ikkje er spesielt avtala.
- Vi følgjer trafikkreglane og bruker hjelm nå vi syklar.
- Ein må møte på skulen kvar dag, om ein ikkje er sjuk eller har søkt om permisjon. Ved sjukdom må ein varsle skulen.
- Det er ikkje tillate å nytte nokon form for rusmiddel på skulen sitt område, eller vera påverka sv slike.
- Det er ikkje tillatt å røyke på skulen sitt område.
- Elevane har rett til kvalifiserte, dyktige og engasjerte lærarar.
Konsekvensar ved regelbrot
Ved mindre brot på ordensreglane tek klassestyrer ein samtale med eleven, der eleven får rett til å forklare seg om forholdet, ot tilkjennegi sitt syn. Berre munnleg irettesetting av eleven er tillate. Klassestyrar varslar føresette skrftleg ved fleire regelbrot.
Ved særs alvorlege regelbrot informerer klassestyrar leiinga på skulen, som tek kontakt med føresette.
Om nokon gjer skade på noko, er ein ansvarleg for å rydde opp, reparere eller erstatte (delar av) det tapte med inntil 5.000 kroner for kvar einskild skadevalding. Ein viser til lov om skadeerstatning § 1-2.
Slikkeri, brus og liknande vert beslaglagt. Beslaglagte gjenstandar vert levert tilbake etter skuletid same dag.
Vert mobiltelefon eller elektroniske spel nytta i skuletida, vert desse beslaglagt og levert tilbake etter skuletid same dag.
Skapar ein uro i høve til undervisningen eller bryt ordensreglane fleire gonger, kan ein visast bort for einskildtimar eller for resten av dagen. Eleven skal ha rett til å uttale seg og tilkjennegi sitt syn. Det er dagleg leiar som fattar vedtaket. Bortvising ut dagen er einskildvedtak etter forvaltningslova § 2, og foreldre / føresette kan påklage vedtaket til fylkesmannen.
Føresette skal varslast før det vert sett i gong tiltak overfor ein elev.
Permisjonsreglar
Søknad om permisjon vert skrive i meldingsboka. Søknad om fri meir enn ein dag vert levert til skulen i eige brev. Skulen kan ikkje gje permisjon i meir ett 14 dagar. Dagleg leiar fattar vedtak om permisjon. Elevar som er samanhengande fråverande meir enn 14 dagar må meldast ut av skulen og meldast inn at når dei kjem att. Føresette har ansvar for opplæringa i fråversperioden.