Kompetansekrav

Ulnes montessoriskule SA søkjer om godkjenning av tilleggskompetansekrav for undervisningspersonalet, jfr. privatskoleloven §4-2 første ledd.

Ved oppstart vil skulen ha 50/60 elever som vert organisert i aldersblanda grupper. Vi vil tilsetje undervisningspersonell som tilfredsstiller krava i Opplæringslova § 10-1. I tillegg skal lærarane ha tilleggsutdanning i montessoripedagogikk med stillingsstørrelse 130 %.

Grunngjeving

Vi har stor tru på montessoripedagogikk, og mykje av undervisninga baserer seg på bruk av spesielt utvikla pedagogisk montessorimateriell. Då er det viktig at dei som skal undervise kjenner dei pedagogiske prinsippa bak dette materiellet og har fått trening i å bruke det.

Ei typisk arbeidsøkt i ein montessoriskule er at ein montessorilærar presenterer nytt tema / bruk av materiellet for ei gruppe på 6 – 8 elevar. Deretter jobbar elevane sjølv med materiellet under rettleiing av ein annan montessorilærar / assistentlærar / assistent medan neste gruppe på 6 – 8 elevar får ein presentasjon.

Vi meiner det er eit minimumskrav at dei som presenterer materiellet for elevane har montessoriutdanning, men har også eit mål om at montessoritankegangen skal vera det grunnleggjande for heile læringsmiljøet. Difor ynskjer vi at alt undervisningspersonell skal ha montessoriutdanning. Det gjer oss mindre sårbar i høve til sykefråvere ved at ein av dei som normalt fungerer som assistent kan ta presentasjon av materiell.

Men vi innser at det er avgrensa tilgang på lærarar som har utdanning i montessoripedagogikk. For å kunne vera ein attraktiv arbeidsgjevar også for dei som ynskjer å ta videreutdanning i montessoripedagogikk, ynskjer vi å tilby dei fast jobb. Utan punktet om ”inngått avtale om å ta videreutdanning i montessoripedagogikk innen 3 år” kan vi ikkje tilby dette. Då kan vi berre tilsetje mellombels.

Det vi konkret ser for oss og har budsjettert med er kurs/utdanning i regi av www.waterparkmontessori.com eller www.studiesenteret.no i samarbeid med OPUS Valdres.

Denne videreutdanninga er godkjend av Utdanningsdepartementet og er internettbasert med samlingar i ferier. Det er lagt opp til at dette kan takast ved sidan av full jobb.