Elevprognose
| År 1 | År 2 | Fullt utbygd | |
|---|---|---|---|
| 1. trinn | 10 | 13 | 15 |
| 2. trinn | 10 | 12 | 15 |
| 3. trinn | 10 | 13 | 14 |
| 4. trinn | 10 | 11 | 15 |
| 5. trinn | 8 | 10 | 12 |
| 6. trinn | 6 | 9 | 10 |
| 7. trinn | 6 | 7 | 9 |
| Totalt | 60 | 75 | 90 |
Vi reknar med at i løpet av tre år har vi nådd eit maksimalt elevtall på 90 elevar, rekna ut frå barnetalet i Ulnes i dag, barn som er aktuelle for montessoriskule etter foreldra sitt ynskje, samt tilflytting. Ulnes ligg sentralt i Valdres, berre 10 km frå Fagernes, der fleire foreldre kan vera interesserte i eit alternativt skuletilbod. Vi har allereide fått spørsmål frå Vestringsbygda, ei bygd i kommunen sør for Fagernes. Dersom Aurdal skule, også sør for Fagernes, den bygningsmessige dårlegaste skulen i kommunen, skulle bli nedlagt, og det er allereide signal om dette, kan vi få fleire spørsmål. Vi har ellers fått spørsmål frå utflytte valdrisar i Finnmark og Sør-Tyskland, som vil flytte heim om montessoriskulen kjem i gang.
Ulnes ligg berre tre kilometer frå kommunegrensa mot Vestre Slidre. Mange arbeidstakarar frå Vestre Slidre pendlar i dag til Fagernes og eit alternativt skuletilbod i pendlingsvegen kan føre til elevar frå denne kommunen. I Røn, Vestre Slidre, ligg Østlandsmeieriet avdeling Fossheim, ein av Valdres største arbeidsplassar. Likeleis i Vestre Slidre nær Ulnes ligg Vaset, turistområde med fjellstue, leirskule, kafear, forretningar, alpinanlegg og hytter, og dermed også arbeidsplassar.
Lenger mot nord ligg Vang kommune (ca. 20 km), også med nokre pendlarar til Fagernes, det kan kanskje vera aktuelt med elevar herifrå.
Ulnes har i dei seinare åra hatt tilflytting av familiar mellom anna frå Nederland, folk som vil bu i ei bygd med ein skule, ikkje i ein tettstad som til dømes Fagernes. Ulnes har ledige boligtomter, barnehage, butikk og flott natur.
Ulnes er ei bygd med store utviklingsmuligheiter. Ein skule med montessoripedagogikk vil gje ringvirkningar, også økonomiske, ikkje berre for vår bygd, men også for Nord-Aurdal kommune og Valdres som helheit. Skulen vil ikkje konkurrere med dei offentlege skulane, men vera eit supplement både når det gjeld beliggenheit og pedagogikk.