Skuleanlegg og nærmiljø
Ulnes skule vart oppført og innvigd i 1962 då krinsane Rye, Hippesbygda og Øystre Ulnes småskular vart slegne saman. Skulen vart totalrenovert og utvida med ein grendehusdel og nyopna i 1995. Grendehusdelen omfattar gymsal med garderobar og møterom. Skulen er i dag godkjent for 90 elevar. Rett ved Ulnes skule ligg ein fotballbane med internasjonale mål, samt handballbane og snart ballbinge.
Ulnes har offentleg barnehage i gamle Øystre Ulnes skulebygning som er pussa opp på dugnad. Barnehagen har 30 plassar. Her er uteareale med leikeapparat.
Ulnes Montessoriskule ynskjer å halda fram med skuledrift i noverande Ulnes skule. Vi er i dialog med Nord-Aurdal kommune om leige av skulebygningen. Desse forhandlingane held fram. Ulnes Montessoriskule ynskjer å bruke nærmiljøet til å skape ein montessoriskule som nyttar den flotte staden og skulelokala til beste for barna.
Ulnes ligg 10 km frå kommunesenteret Fagernes.
Nærmiljøet er avhengig av ein lokal skule for å gje borna eit intimt skulemiljø og ha ei god aldersspreiing hos innbyggarane. Våre møteplassar er viktige for at nye og gamle ulnesbygdingar skal kjenne at dei høyrer saman og jobbar saman for eit levande og sosialt bygdesamfunn. Ulnesbygda er eit lokalsamfunn med stor moglegheit for vekst. Det siste året har fleire familiar med små barn flytta til bygda, mellom anna frå Nederland. Mange familiar med barn er innflyttarar som bevisst har valt Ulnes med tanke på miljø og oppvekstvilkår.
Ulnes ligg i vakker natur som inviterer til utandørs aktivitet. Strandefjorden vert brukt i undervisninga og til bading. Det er lysløype i Hippesbygda, ein del av Ulnes. Ikkje langt unna er Vaset med fjellstigar, løyper og alpinanlegg.
Ulnes har idrettslag med ski, handball, fotball og balleik, musikklag, barnelag, foreldre- og barn-trim, trivselstrim, kulturskule med grendekonsertar, jonsok- og olsokfeiring, julegrantenning, juletrefest, 17. mai feiring, jule- og sumaravslutningar, barnegudsteneste, basarar m.m. Alt dette vil Ulnes montessoriskule så langt det er mogleg ta del i.
Ulnes har lange historiske røter. Ulnes kyrkje er ei steinkyrkje frå om lag 1265. Det er mange segner knytta til Ulnes. På Ivarshaug er ein byste av Ole Fladager, den mest kjende bilethoggaren i Norge på 1800-tallet. Han var fødd i Ulnes. Ulnes skule har Ivarshaug med bysta som sitt kulturminne og har rydda og sett i stand staden. Pilegrimsvegen i Valdres mellom Hedalen og Filefjell går gjennom Ulnes. Her er og gamle gardar og husmannsplassar.
Skulen samarbeider med mange aktive gardsbruk m/ dyr. Bygda har oså eit aktivt stølsliv. Skulen sin årlege Valdres-veke med tema kunst og handverk, litteratur, dialekt og stadnamn, stølsliv, folkemusikk og Valdres i dag er tenkt vidareført i ein montessoriskule i Ulnes.
Vi ynskjer å gje barna våre kunnskap om fortida og kjennskap til sitt eige nærmiljø i samsvar med skulen sin visjon “Ei skule for framtida med røter i fortid og notid”. Naturen og uteområdet gjer det mogleg å bruke ulike læringsmetoder i ein framtidig montessoriskule.