• Om Pedagogikken
    • Filmer
    • Lær mer!
    • Maria Montessori
  • For foreldre
    • Læreplan
    • Før skulestart
    • Mobilskole
    • SFO
    • Kvalitetsveilederen
    • Ordensreglar
    • Inntaksreglement
    • Skulerute
  • Søk om elevplass
  • Organisasjonen
  • Kontakt
    • Ansatte
  • Ny side
Ulnes Montessoriskule
  • Om Pedagogikken
    • Filmer
    • Lær mer!
    • Maria Montessori
  • For foreldre
    • Læreplan
    • Før skulestart
    • Mobilskole
    • SFO
    • Kvalitetsveilederen
    • Ordensreglar
    • Inntaksreglement
    • Skulerute
  • Søk om elevplass
  • Organisasjonen
  • Kontakt
    • Ansatte
  • Ny side

Kva er ein montessoriskule?

Interessa for montessori veks i Norge og i verda. I Norge er vi stolte av at prins Sverre Magnus går på montessoriskule!. Det er flott at foreldra hans har sett at dette er ein god pedagogikk som legg til rette for det enkelte barn. Det er vanskeleg å finne nokon annan forklaring enn at montessori passar saman med synet på barn si utvikling, som baserer seg på biologisk, psykologisk og pedagogisk forsking av i dag.
Målet ved ein montessoriskule er å legge til rette for at barn utviklar seg til å bli sjølvstendige og kreative – eigenskapar som ser ut til å bli meir og meir avgjerande for å lykkast i arbeidslivet. Ny pedagogsisk forsking omhandlar blant anna individuelle læringsmetodar, samanhengen mellom skule og samfunn, barna sitt sjølvstendige arbeid og ansvar for eigen læring. Trenden i dag leier bort frå den gamle kateterundervisninga, der skuledagen er oppdelt i timar og der alle skal lære det same samtidig. «One size fits all» er ikkje bra nok, men det er derimot individuell tilrettelegging og fokus på det enkelte barn.

«Følg barnet!» sa Maria Montessori.
Kvart einaste barn har ein lengsel etter å vera trygg og delaktig, ei medfødt lyst til å lære seg alt om omverda. Barn har ei spontan lyst til å arbeide – og arbeide konsentrert og sjølvstendig – der dei får den rette stimulansen og respekt for den enkelte sine forutsetningar. Montessoripedagogikken er bygd opp av vitenskap, sunn fornuft og intuisjon – og sist, men ikkje minst: Kjærleik til barnet og visjonen om ei betre verd.
​

Montessoripedagogikken tek meir hensyn til det individuelle utviklingsnivået enn til barnet sin alder. Kvart barn er unikt. Barn utviklar seg i ulik takt og sjølve kjerna i montessorifilosofien er tilpassa undervisning ut i fra det enkelte barn sine individuelle behov.

Kjelde: «Montessori – en innføring» av Marie Lexow og Martine H. Vatland.

Kontakt oss


E-post:

Rektor

Telefon

941 62 223

Adresse:

Panoramavegen 89, 
​2918 Ulnes
© Valdres Montessori 2020 | Personvern og vilkår |
  • Om Pedagogikken
    • Filmer
    • Lær mer!
    • Maria Montessori
  • For foreldre
    • Læreplan
    • Før skulestart
    • Mobilskole
    • SFO
    • Kvalitetsveilederen
    • Ordensreglar
    • Inntaksreglement
    • Skulerute
  • Søk om elevplass
  • Organisasjonen
  • Kontakt
    • Ansatte
  • Ny side